torsdag 14. april 2011

Av alle tegn og varsler, hva skal dette bety?

Vere/vera - høyringsutsegn til innstillinga for ny rettskriving i nynorsk på 2000-talet

Familien Sørumgård Botheim m.fl. Lesja, 22.02.2011


Rettskrivingsnemnda for nynorsk

Språkrådet

Høyringsuttale om revisjon av nynorskrettskrivinga

Vi viser til nettsida til Språkrådet og høyringa om revisjon av nynorskrettskrivinga. Denne høyringsuttala gjeld punkt 3.4.1 Infinitiv. Vi har forståing for arbeidet med den nye rettskrivinga, men vi reagerer på forslaget om å forby kløyvd infinitiv. Vi vil argumentere for at kløyvd infinitiv må vera ein del av nynorsk rettskriving.

Å forby kløyvd infinitiv ser vi på som ei vesentleg endring fordi det ikkje berre gjeld rettskrivinga av enkeltord, men eit grammatikalsk system som kjenneteiknar dialekten og skriftspråket vårt. Å ta ut kløyvd infinitiv frå nynorsk rettskriving vil ramme personar med dialektar frå store delar av Austlandet, Innlandet og Trøndelag. Vi har allereie ein lang veg frå dialekten vår til nynorsk. Vi er ikkje interessert i at denne vegen skal bli enda lengre.

Orda som i nordgudbrandsdøl har a-ending i infinitiv (jamvektsorda) blir uttala med likt trykk på båe stavingane. Dette er ein rest frå norrøn tid, og noko vi ynskjer å ta vare på. Dersom vi skal skrive ”vere” (som blir den logiske konsekvensen av å fjerne kløyvd infinitiv), får vi eit merkeleg trykk når vi skal lesa opp teksten, for det går ikkje an å lesa opp ”vere” med likt trykk på båe stavingane. Å fjerne kløyvd infinitiv får ikkje berre skriftlege konsekvensar, men gjer òg den uttalte nynorsken ytterlegare distansert frå talemålet vårt. Vi ynskjer å basere skriftspråket vårt mest mogleg på talemålet vårt. Når dei same reglane går att i skriftspråket som i dialekten, er det enklare å lære skriftspråket og å skrive formene konsekvent.

Det er lov å skrive a-endingar og e-endingar; å bruke kløyvd infinitiv fører difor ikkje til at ein bruker andre ord enn dei som allereie er i bruk. Kløyvd infinitiv har eit stringent regelsett og fører til liten sjenanse for dei som vel å ikkje bruke det. Å ta bort kløyvd infinitiv vil derimot føre til stor irritasjon og sorg for oss.

Vi foreslår at kløyvd infinitiv skal vera lov i den nynorske rettskrivinga.

Vennleg helsing

Aagot Sørumgård Botheim, sekretær i Lesja kommune

Brit Botheim, kunsthistorikar, rådgjevar KUNSTBANKEN Hedmark Kunstsenter

Eldrid Sørumgård Botheim, master i entreprenørskap og innovasjon

Guri Sørumgård, pensjonist

Guri Sørumgård Botheim, forfattar og avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

Hilde Anne Bakken, lærar ved Lesjaskog skule

Jørn Botheim, jordbrukssjef i Lesja kommune

Marit Sørumgård, sivilarkitekt, NTNU Vitskapsmuseet

Ola-Matti Mittigård, norsklektor ved Lesjaskog skule

Ola Rolstad, dagleg leiar i Verktøybutikken.no og gardbrukar

Ole Martin Sørumgård, sivilingeniør, forlagsredaktør i Snøhetta forlag

Ragnhild Botheim, konst. leiar for Avdeling for formidling og publikumsforespørsler, Bergen Byarkiv

Sigrid Sørumgård Botheim, forfattar, pianistinne og nordiskstudent

Sivert Sørumgård, dr.ing, senioringeniør i Oracle Norge AS

Åse Berit Sørumgård Blomlie, seniorforskingsteknikar Bioforsk, Øystre Slidre
 
 
Her kan du sjå innstillinga til nynorskrettskriving.