mandag 6. oktober 2014

Det er visst haust att

foto: Ola-Matti Mittigård 2011
I samband med at elevane mine skriv essay (reflekterande tekst heiter det no) har vi og snakka om blogg og kåseri. Då kom eg på bloggen min som eg ikkje har nytta på eitt år. Elevane mine har ei fri essayoppgåve knytt til ein europatur med Aktive fredsreiser som dei nett har vore på. Det klaprar i tastaturet og dei fleste er i gang, trur eg.

Sist eg var på ein slik tur var vi i 4 konsentrasjonsleirar: Auswitz, Sachsenhausen og Ravensbrück. Det var hard kost for meg iallfall. På bussen las eg ymse litteratur skrivne av jødar som overlevde holocaust, og det gjorde sitt til at eg fekk ein knekk i Ravensbrück.

Eg gler meg til å lesa kva elevane mine vel å skrive om. Det er deira opplevingar og tankar som er viktige no. Samstundes vonar eg på nokre knallgode setningar, avsnitt og formuleringar. No skal eg sjekke kor landet ligg, før skulebussen kjem.

Ugh frå kateteret